Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden Oselvarverkstaden tar vare på kunnskap om bygging og bruk av oselvarbåten
(1)

Oselvaren er ein svært gammal båttype, og gjennom dei par siste hundreåra har han vore den mest brukte småbåten på Vestlandskysten, både til fiske og transport. Utviklinga siste hundreåret har gjort at han no er ein rein fritidsbåt, og Oselvaren vart sommaren 2009 kåra til Noregs Nasjonalbåt! Båtbyggjartradisjonen er ubroten i Os i alle fall dei siste 250 åra, og heile den opparbeidde kunnskapen k

nytt til båtbygginga er såleis intakt. I 2016 vart Oselvaren, og kulturen kring bruk og bygging, ført opp på UNESCO si liste over gode vernepraksisar.

Bestått fagprøve i trebåtbyggjarfaget!I dag kan vi gratulere Jørn Bøe med bestått fagprøve i trebåtbyggjarfaget!Etter læ...
18/06/2026

Bestått fagprøve i trebåtbyggjarfaget!

I dag kan vi gratulere Jørn Bøe med bestått fagprøve i trebåtbyggjarfaget!

Etter læretida ved Oselvarverkstaden har Jørn no oppnådd fagbrev og kan kalla seg trebåtbyggjar. Dette er ein viktig milepåle, både for Jørn og for arbeidet med å vidareføre den levande tradisjonen knytt til bygging og vedlikehald av tradisjonsbåtar.

På biletet ser vi Jørn Bøe saman med sensorane Ivar Hofflandsdal og Åge Hjortland, som vurderte fagprøva.

Ordførar Terje Søviknes var og innom verkstaden i dag, og nytta høvet til å gratulere den nyutdanna trebåtbyggjaren med vel gjennomført fagprøve.

Vi gratulerer Jørn med flott innsats og ønskjer han lukke til med ny jobb som båtbyggjar på Oselvarverkstaden!

Sommarope i Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet 11. juli - 9. august.Større grupper må ta kontakt med Geir Jonassen på t...
17/06/2026

Sommarope i Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet 11. juli - 9. august.

Større grupper må ta kontakt med Geir Jonassen på telefon 901 00 056 i god tid før besøket. Det vert høve til å låne oselvar, og flytevest hos Oselvarlaget.

Kontoret ved Oselvarverkstaden er stengt frå 6. juli til 9. august, men vi svarar på e-post.

02/06/2026

***SJØSPORTVEKO 2026***

Sjøsportveko blir gjennomført i veke 26 etter at skulen er avslutta (onsdag 24, torsdag 25 og fredag 26 samt ein regatta laurdag 27 for dei som har lyst)

Påmelding blir lagt ut fredag 5 juni, kl 18.

Det er totalt 30 plasser og av erfaring blir det fullt med ein gang

Lenkje til påmelding vil bli delt her på Facebook sida.

Bestill i dag å få båt til neste sommar:
02/06/2026

Bestill i dag å få båt til neste sommar:

Adresse

Hamnevegen 41
Osøyro
5200

Åpningstider

Mandag 13:00 - 15:00
Tirsdag 13:00 - 15:00
Onsdag 13:00 - 15:00
Torsdag 13:00 - 15:00
Fredag 13:00 - 15:00

Telefon

+4796633531

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Oselvarverkstaden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Oselvarverkstaden:

Del